Kulturministeren på besøk

Tirsdag 29/9 hadde kulturministeren, Thorhild widvey,  en besøksrunde hvor hun først var hos Lunden kloster for deretter å komme ned til oss i følge med sr. Anne-Lise for å være med i messen kl 18.

 

 

IMG_9010_1 IMG_9013_1 IMG_9034_1

Preike for messen for erkeenglene Gabriel, Rafael og Mikael

«Folk og stammer med ulike språk, alle folkeslag skal tene ham» høyrer me i dagens lesing. Det passar jo bra med vår kyrkjelyd her i Groruddalen. For her har me verkeleg ulike språk, me er eit mangfald av nasjonalitetar og kulturar, men me samlast under det same taket, i det romet som femner han som held oss saman, nemleg Jesus, Herren sjølv.

Og der Jesus er, der fylgjer englane sitt nærvær. Tenk berre på korleis det heile startar, med erkeengelen Gabriel som kunngjer Jesu kome til vår jord, og englekoret på marka som openberrar seg for hyrdingane då Herren vert fødd. Hugs på korleis englane stelte med Jesus etter at han vart freista i ørkenen. Og me minnest Herren i Getsemane, og korleis «ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han». Og når Kristus står opp frå dei døde sit englane klar med bodskap om kvar disiplane kan finne sin Herre, og til sist, når dagen for opptakinga i himmelen renn, vert han lyft opp, av og med englane som kretsar om han.

Kristus er omgjeven av englar heile livet, som ei usynleg kraft som styrker han, trøystar og støttar, vegleiar og formidlar. For oss, som er døypte til eit liv i og med Kristus, og difor har fått del i Herrens lekam, er englane meir enn søte glansbilete frå barndomen. Dei er ein levande realitet, nærværande her og no. Trufast fylgjer dei oss på vår livsveg. Difor er me ikkje berre eit felles folk med mange språk i vår kyrkjelyd, me er også ein kyrkjelyd omgjevne av eit vell av englar som syng i kor med oss i dag!

Dei tre erkeenglane som me feirar i dag, Gabriel, Rafael og Mikael, er særlege vitne om den himmelske røyndomen som me vedkjenner i vår tru, og som me er del av både no i tida og på den siste dag, då dette englerike skal vise seg i all sin velde. Dei er vegvisarar og målberarar for Gud sjølv, og peiker mot  det riket som alltid vil stå fast, eit rike der kjærleik, sanning og evig glede skal få falde seg ut, både i våre hjarte og mellom oss alle.

Når me i dag har kulturminister Torhild Widvey saman med oss her i St Johannes i dag er det eit godt høve å be for vårt samfunn og for alle dei som arbeider for å gjere vårt land til ein god stad å leve. Lat oss difor be om erkeenglane sitt vern og omsorg for vårt land og for alle menneske, for rettferd og omsorg for dei som treng det mest. 

Skrevet av p. Haavar Simon Nilsen OP